Træe er frå ca 1780. Det var i bruk til like etter 1900.
Huset vart gitt til Time kommune i 1951. I 1997 vart det gjennomgåande restaurert, og framstår i dag nær opp til det opphavlege. Træe er eit jærhus med møneretning s-a/n-v, som skikken var. Taket har handlaga panner. Materialbruken i denne typen hus var elles prega av sparsam bruk av tre, det var stein og halmkledning og never med grastak som utgjorde byggemateriala.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar