onsdag 10. april 2013

Varhaug kapell, Varhaug på Jæren

Varhaug gamle kyrkjegard
Ved havkanten på Varhaug-gardane vart det kring 1200 reist ei kyrkje. Det er mykje som tyder på at kyrkja vart bygd på ein gamal heidensk kultstad. Det vesle kapellet - Varhaug kapell - som står på kyrkjegarden, vart bygd i 1951. Det er og reist eit minnesmerke over 389 russiske sjøfolk som dreiv i land og vart gravlagde her etter Ingermannlands-forliset i 1842.
Kapellet er vel 15 m² stort og har 14 jærstolar som sitjeplassar. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar