tirsdag 8. januar 2013

Hopperstad stavkyrkje, Vik i Sogn




 
Hopperstad stavkyrkje ligg i Vik kommune i Sogn og blir rekna som ei av dei eldste stavkyrkjene. Ho er bygd kring 1130 og høyrer til Borgundtypen. Hopperstad stavkyrkje er ei treskipa langkyrkje med 16 stavar som alle er 8 m lange. Midtromet er delt frå koret med ein skiljevegg. Hopperstad er den einaste stavkyrkja der ein slik vegg er bevart.
Kyrkja står i dag meir eller mindre slik ho vart bygd som katolsk kyrkje på 1100-talet. All inventar som kom til i seinare tid blei fjerna under restaureringa på 1880-talet, også kyrkjebenkene. I den katolske middelalderkyrkja stod kyrkjelyden under gudstenesta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar