Hove kyrkje er den eldste steinbygningen i Sogn og truleg ein av dei eldste i landet. Ho blir datert til slutten av 1100-talet. Kyrkja har namn etter garden Hove. Rike gravfunn frå romartida peikar ut Hove som eit tidleg hovdingsete i Vik, og historikarar meiner kyrkja kan vera bygd av ein framståande jordherre som ei privat gardskyrkje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar